10 råd til leiarar under koronautbrotet

  1. Vær tydeleg og nærverande
    Gi konkret og spesifikk informasjon om kva som er aktuelle
    arbeidsoppgåver. Bruk telefon eller video heller enn berre e-post og
    skriftleg kommunikasjon.
  2. Ha rett fokus
    Vær bevisst på kva som er dine arbeidsoppgåver, ikkje prøv å løyse alt. Strukturer deg sjølv, før du strukturerer andre.
  3. Repeter informasjon
    Gi hyppige oppdateringar til dine tilsette om tiltaksstatus, sjølv om
    statusen er uendra. Dette fungerer både som ei påminning og eit
    tryggingssignal om at vi er oppdaterte på situasjonen.
  4. Gi konkrete oppgåver
    Motiver dine tilsette til konkret innsats, bu dei på det som ventar dei, og korleis det skal løysast.
  5. Auk kontakthyppigheita
    Ha jamleg kontakt med dine tilsette. Hyppige, korte samtaler heller enn sjeldne og lange samtaler. Spør om kva som går bra og kva som går mindre bra. Anerkjenn og støtt.
  6. Vær oppmerksam
    Be dine tilsette om å gi beskjed om stressreaksjonar eller utmatting i ein tidleg fase. Dei er lettare å førebygge enn å behandle.
  7. Perspektivèr
    Snakk med andre leiarar om rolle og funksjon.
  8. Rapporter
    Meld frå om forslag til nye tiltak og initiativ til neste nivå. Ei koordinert tiltaksrekkje er avgjerande for optimal effekt.
  9. Be om hjelp
    Bruk andre leiarar til støtte og rettleiing. Ta kontakt med
    kommuneoverlege eller kommunepsykolog dersom du har behov for å
    drøfte medisinske eller psykososiale spørsmål knytt til jobb og virke.
  10. Vær rasjonell
    Drøft med ein kollega eller ta deg ei pause før du tek viktige avgjersler. Dette er ein dugnad.

Like this article?

Share on facebook
Share on Facebook
Share on twitter
Share on Twitter
Share on linkedin
Share on Linkdin
Share on pinterest
Share on Pinterest

Leave a comment